Hopp til innhold

Bråtebrann kom ut av kontroll

Bråtebrannen som kom ut av kontroll ved Berekvam stasjon i Flåmsdalen er no sløkt.

Grasbrann ved Berekvam stasjon i Flåmsdalen.
Foto: Evald Knutsen

Alarmsentralen i Florø fekk melding om brannen klokka 17.21 aurdag. Brannvesenet fekk kontroll over brannen relativt raskt, og berre eit mindre område med gras vart avsvidd.

Brannen starta då bråtebrenning i ein hage like ved stasjonen kom ut av kontroll og spreidde seg til utmarka.