Hopp til innhold

Brasilianar kjem til Sogndal

Brasilianaren Ricardo Santos har skrive under ein 3-års kontrakt med Sogndal Fotball.

Ricardo Santos

NY SPISS: Ricardo Santos har signert ein 3-års kontrakt for Sogndal Fotball.

Foto: Arve Uglum / NRK

25-åringen, som kjem frå den svenske klubben Djurgården, har skrive under ein 3-års kontrakt med Sogndal Fotball.

Det vart kjend på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

– Ein klassespelar

Tidlegare i karriera si har han spelt over 80 kampar for Kalmar. Tidleg i perioden der var han også utlånt til to andre svenske klubbar.

Sogndal jobbar no med å få Ricardo Santos speleklar til laurdagens bortekamp mot Molde.

Trenar Jonas Olsson er glad for å få Santos til klubben. Olsson kallar han ein klassespelar og trur han vil å vere ein referansespelar for deira eigne lovande unge.

– Det er ein veldig komplett spelar som er stor og sterk. Han er bra med hovudet og begge føtene, og så har han bra fart, seier Olsson til NRK.

Potensiell målscorar

Jonas Olsson

GODT NØGD: Trenar Jonas Olsson er glad for å ha fått brasilianske Ricardo Santos til Sogndal. Olsson kallar han for ein komplett klassespelar.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK

Han har tru på at Santos kan score mange mål for Sogndal.

– Han har scora mykje mål hittil. VI er ganske sikre på at med den måten vi spelar, og med hans eigenskapar opp mot dei andre spelarane, så kjem det til å bli ein veldig bra miks, seier Olsson.

– Hentar de han fordi de treng ein målscorar?

– Alle lag treng spelarar som scorar mål. Vi har fleire spelarar som scorar, og får vi inn Ricardo der så har vi mange målscorarar å velje mellom, seier Olsson.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, seier at dette er ein stor og forhåpentlegvis nyttig overgang for klubben, og at det vert spennande med ein første brasilianar til Sogndal.

– Vi håpar han kan skape entusiasme for både lag og supportarar. Vi har fått inn ein spelar som er svolten, som har referansar og som vi trur vil passa godt med oss, seier Mundal.

Ambisjonar om mange mål

Sjølv meiner Santos at han er ein sterk spelar med høgt tempo og gode taklingar. Han ser på klubbskiftet som ein moglegheit til å spele utanfor Sverige.

– Eg trur at eg har god sjanse her for å komme vidare i karriera og komme opp på toppnivå, seier Santos.

Han har god kjennskap til Jonas Olsson frå tidlegare. Trenaren er også ein av grunnane til at Santos har signert for Sogndal.

– Han er ein god trenar, seier han.

- Kva ambisjonar har du med å spele for Sogndal?

– Det første er at vi blir i eliteserien, og unngår nedrykk. Og så ønskjer eg å score mange mål, seier brasilianaren.