NRK Meny
Normal

Brannvesenet vil øve meir på brann i tunnel

Brannvesenet i fylket kjenner seg ikkje godt nok rusta til å takle brann i tunnel. Dei vil gjerne øve meir og ber Vegvesenet vere med å ta rekninga.

Gaute Johnsgaard

VIL ØVE MEIR: Leiaren i tunnelgruppa til Sogn og Fjordane Brannbefalslag, Gaute Johnsgaard, seier brannvesenet i fylket gjerne vil øve meir på brann i tunnel.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Berre i sommar var det to dramatiske tunnelbrannar i Sogn og Fjordane. I Bremanger tok 16.500 liter bensin fyr då ein tankbilhengar gjekk i fjellveggen, medan ein turistbuss tok fyr på E16 i Gudvangatunnelen. For to år sidan tok ein semitrailer fyr i same tunnel.

Hendingane har sett ein kraftig støkk i mange. I Sogn og Fjordane brannbefalslag har dei oppretta ei eiga tunnelgruppe som mellom anna skal jobbe for å få til betre øvingar i tunnel. Gaute Johnsgaard som til dagleg er brannsjef i Lærdal og Årdal er leiar i gruppa.

– Det er alltid store utfordringar i tunnelar, og eg føler at vi som brannfolk ikkje har god nok kunnskap, seier han.

Johnsgaard meiner det ikkje blir øvd nok på brann i tunnel.

– Eg føler ikkje vi øver nok på det, og det er sjeldan vi har øvingar, seier han.

Vil dele kostnaden med brannvesenet

Ei brannøving i tunnel kostar brannvesenet mellom 20.000 og 25.000 kroner. Denne kostnaden er det kvart enkelt brannvesen som må ta. Johnsgaard vil gjerne dele kostnaden med Vegvesenet.

– I dei øvingane vi har hatt så har vi måtte ta kostnaden sjølve, medan Vegvesenet har stilt opp med snittar.

– Kva synest du om det?

– Det er ikkje rett. Det er Vegvesenet som eig tunnelane og som pliktar å ha øving. Eg synest dei kan vere med å dekke litt av kostnaden, seier Johnsgaard.

– Kvifor har ikkje brannvesenet råd til det?

– Vi må øve på andre ting også. Med ein pressa økonomisk situasjon må vi prøve å fordele dette, seier han og ser føre seg å dele kostnaden med Vegvesenet.

– Kommunen sitt ansvar

Regionvegsjef Helge Eidsnes seier Vegvesenet understrekar at dei har eit svært godt samarbeid med brannvesenet.

Helge Eidsnes

KOMMUNAL OPPGÅVE: Regionvegsjef Helge Eidsnes seier det er kommunane sjølve som må stå for løn og personlakostnader i samband med brannøvingar i tunnel.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han seier vidare at dei legg mykje pengar i førebyggande tiltak og sikringstiltak i tunnelane med tanke på brann. Vegvesenet har også kjøpt inn spesialutstyr som brannvesenet kan bruke.

– Vi veit at øvingar er viktig. Men det er ei kommunal oppgåve å gjere det. Vegvesenet bidreg i øvingane, men løn og personalkostnader må brannvesenet sjølve dekke.

Denne typen øvingar er noko som kjem godt til nytte i andre brannsituasjonar som brannvesenet skal øve på.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser