Brannvesenet rykte ut til Gulen

Det var kraftig røykutvikling i eit hus på Kversøyna i Gulen i natt. Det var ein person i huset som kom seg ut og fekk varsla naudetatane. – Det var truleg kortslutning i varmtvasstanken, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Hordaland, Håkon Myking.