Hopp til innhold

Brannvesenet rykte ut etter melding om bilbrann

Brannvesenet rykte like etter klokka 17 i ettermiddag ut til eit branntilløp i ein bil på E39 i Førde.

Køar på E39 etter bilbrann

KØ: Det danna seg litt kø på begge sider etter at bilen fekk stopp på E39 ved Bekkjavatnet i Førde.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Ifølgje Alarmsentralen oppdaga dei to som var i bilen røyk då dei var på veg opp bakkane frå Førde sentrum i retning mot Langeland. Bilen vart ståande i området ved Bekkjavatnet.

Dei to skal ha kome seg uskadde ut av bilen.

Brannvesenet vart sende til staden, men då dei kom fram var situasjonen under kontroll.

– Det er i motorrommet det har vore tilløp til brann. Det kom røyk, men det har ikkje vore snakk om flammar å sjå, seier vaktleiar Nina Andal ved Alarmsentralen i Florø til NRK.no klokka 18.30.

Det skal ha danna seg køar på begge sider.

Bilen er ikkje køyrbar og måtte fjernast av bilbergar.

Bilbrann