NRK Meny
Normal

Brannvesenet måtte kaste alt

Dyrt brannutstyr ubrukeleg etter eksplosjonen i Gulen.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss

- Det var ikkje mogeleg å bruke det meir for stanken var heilt utåleleg, seier varabrannsjef Karl Otto Nesdal i Bergen.

Såpevask

Det meste av brannpersonell som var tilgjengeleg i Bergen vart sende med fergje til Gulen etter eksplosjonen ved Vest Tank. Men stanken sat så godt i jakker, bukser og støvlar at det ingen orka å gå med utstyret meir. Dermed var det berre å kaste alt i boset. Men også brannbilane som var i Gulen måtte få ei skikkeleg overhaling med kost og såpevatn før brannmannskapet orka å bruke dei.

Helsekontroll

Sjøv om brannmannskapet i Bergen brukte verneutstyr ved eksplosjonsstaden, har personellet som var i Gulen også gjennomgått ein omfattande helsekontroll for å sikre seg mot den illeluktande stanken.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast