Hopp til innhold

Brannvesenet har kontroll på husbrann i Årdal

Alle naudetatar rykte ut etter melding om brann i eit bustadhus på Årdalstangen litt etter klokka 15.30 i dag.

Brann i bustadhus på Årdalstangen

RØYK: Det var ingen synlege flammar, men det kom mykje røyk ut vindauget i andre etasje.

Foto: NRK

– Eg høyrer brannalarmen går. Det ryk frå taket, men eg har ikkje sett flammar. Brannbilen har nettopp kome og eg ser at brannmenn er aktive på staden, sa eit vitne på staden til NRK klokka 16.10 i ettermiddag.

Klokka 15.42 melde politiet at naudetatane var på veg til ein brann i eit bustadhus på Årdalstangen.

Lang reiseveg

Espen Gulliksen i politiet sa følgjande til NRK då klokka var 1550:

– Eg veit ikkje korleis dei andre naudetatane ligg an, men politiet har bakvaktsordning i Sogn så det kan ta noko tid før vi er framme.

  • klokka 15.56 melder politiet at både brannvesen og politi er på staden og at det ikkje skal vere folk i huset.
  • Klokka 16.14 melder politiet at brannvesenet har kontroll på brannen og at dei er inne og søkjer med varmekamera i huset.