Brannvesenet gjer klar til å samle utslepp frå grunnstøytt båt

Brannmannskap gjer no klar for for å leggje lenser rundt fiskebåten som i morgontimane grunnstøytte vest av Florø.

Fiskebåten

SLEP TIL FLORØ: Rundt 04.30 i natt fekk hovudredningssentralen i Sør-Norge melding om fiskebåten som trengde hjelp.

Foto: Redningsselskapet

Ein fiskebåt vert slept til land i Gunhildvågen etter å ha grunnstøtt vest for Florø. Rundt 04.30 kom meldinga om mayday. Båten mista styringa og fekk etterpå ei vasslekkasje.

– Vi fekk melding rundt 04.30 om eit fartøy som hadde grunnstøtt vest for Florø. Då sende vi ut SeaKingen og eit standby-fartøy som heiter MS Ocean Alden, seier Andreas Bull, i Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Dei starta slep av fartøyet og var på veg inn til Florø.

– Etter ei stund fekk båten også ei vasslekkasje og då kom redningsskøyta ut med pumpe og fekk stabilisert den lekkasjen. No er dei undervegs til Florø, seier Bull.

Redningsaksjon i Florø

MAYDAY: Rundt 04.30 kom meldinga om mayday. Båten mista styringa og fekk vasslekkasje etterpå.

Foto: Redningsselskapet
Laster Twitter-innhold