Hopp til innhold

Branntilløp på Peppes Pizza

Naudetatane rykte i føremiddag ut til eit branntilløp på Peppes Pizza i Førde. Branntilløpet oppstod i ei brusmaskin. Brannen vart raskt sløkt, men det er ein del røyk i lokalet, opplyser Alarmsentralen. To tilsette har pusta inn røyk og blir undersøkte av helsepersonell, melder Vest politidistrikt.