Branntilløp i traktor i tunnel

Bogstunnelen på E39 i Høyanger er stengd grunna melding om brann i eit køyretøy, opplyser Vegvesenet. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at det har vore brann i ein traktor, og at brannvesenet er på veg til staden. Føraren av traktoren har sjølv byrja å sløkke brannen. Klokka 16.33 melder politiet at dei er på staden. Brannen skal vere sløkt, men det er framleis røykutvikling frå traktoren. Ingen har vorte skadde i hendinga. Klokka 17.39 opplyser Vegtrafikksentralen at tunnelen er open for trafikk, og at bilane frå nordsida skal sleppast gjennom først.