Hopp til innhold

Branntilløp etter kraftlinjevelt

Brannvesenet måtte i natt rykke ut til ein brann i Bruhjell i Balestrand. Ei kraftlinje velta og gnistar frå linja gjorde at det tok fyr i lyngen. Ifølgje Alarmsentralen var det berre så vidt teke fyr i lyngen før brannen vart sløkt. Dei veit ikkje kvifor linja velta. Det var snakk om ei linje til ein radiolink frå Telenor.