Hopp til innhold

Brannsjefen hylla for innsatsen under Selje-brannen

– Eg klarer meg godt utan heltestatus. Eg vil heller rose jobben som mannskapet gjorde og hjelpa vi fekk. Den var uvurderleg.

Geir Petter Hatlenes

FÅR ROS: Brannsjef Geir Petter Hatlenes har 30 års fartstid i brannvesenet, men var inne i sitt andre år som brannsjef då flammane herja på Selje Hotel i fjor. – Ikkje noko brannvesen åleine er dimensjonert for å handtere ein slik brann, seier han.

Foto: NRK

Det seier brannsjef Geir Petter Hatlenes i Selje skryten han får frå brannteknisk sakkunnig i rettssaka etter brannen på Selje Hotel i fjor.

Frå vitneboksen rosa den tidlegare brannsjefen i Ålesund, Bjørn Bakkhaug, innsatsen til brannvesenet.

– I ein så stor brann som dette, ville dei fleste brannvesen gått på det som brenner. Det gjorde ikkje brannsjefen i Selje. Han sette ressursane inn i sidefløyane og berga dei. Ein utmerka taktikk, seier Bakkhaug.

– Som frå læreboka

Bjørn Bakkhaug, sakkunnig i rettssaka etter Selje Hotel-brannen.

SAKKUNNIG: Bjørn Bakkhaug er tidlegare brannsjef i Ålesund og er påtalemakta sin sakkunnige om brannen på Selje Hotel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er som tatt ut av læreboka, men det er vanskeleg å gjere det når det brenn så heftig som her. Dei berga resepsjonsavdelinga, spisesalen og spa-avdelinga, seier han og legg til:

– Det er røyk- og vasskadar, men det kan byggast opp att.

I Selje tykkjer Hatlenes at det er kjekt med rosande ord. Men, presiserer han, brannvesenet i Selje gjorde ikkje jobben åleine.

Den første avgjerda

Den første brannsjefen gjorde var å kalle inn kollegaene frå Vågsøy og Vanylven. Allereie på veg til Selje visste dei kven som skulle gjere kva.

– Eg såg vi ikkje hadde slagkraft til å ta det åleine. Utan dei, hadde vi aldri klart det, seier han og legg til at brannsjef Kim Hjelle i Vågsøy var ein viktig støttespelar gjennom dei dramatiske timane.

Brannen starta i 03-tida og var sløkt ni timar seinare. Då var romfløya totalskadd.

Brann i Selje hotell

OVERTENT: Brannsjef Geir Petter Hatlenes retta fokus på å berge sidefløyene og legekontoret då flammane herja på Selje Hotel for snart eitt år sidan. – Hadde vi latt oss lure til å byrje inne i dette, så hadde vi tapt. Då hadde vi måtte spring etter, seier han.

Foto: Erik Hove

Våga ikkje sende inn folk

Hatlenes mistenkte tidleg at brannen kunne vere påsett. Etter kort tid var fire rom overtente og heile fasaden stod i full fyr.

Ein frykta også at det kunne vere gass i røyrsystemet i bygningen.

– Når ein ikkje veit kva som kan vere i bygningen, så er det alt for stor risiko å sende inn folk. Det er ikkje poeng å setje andre liv i fare, seier han.

Seinare viste det seg at hotellet var dynka med bensin.

Rett frå brannskulen

Berre to månader i førevegen tok han den siste steget brannutdanninga på brannskulen. Terpinga sat friskt i minne og var god å ha. Hotellbrannen vart hans praktiske eksamen.

– Målet var at flammane ikkje skulle nå legekontoret som låg 15 meter frå bassengbygningen. Eg visste at vi var heldige om vi klarte det. Om ikkje, så ville flammane nå legekontoret, seier han.

Selje hotel

TOTALSKADD: Den tidlegare hotelldirektøren har tilstått å ha tappa hotellet for pengar og sett fyr på bygget. Brørne, som var styreleiar og kjøkkensjef, nekta all straffskuld då saka starta mot dei denne veka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hatlenes har seinare vore på brannskulen og fortalt om sløkkingsarbeidet. Til alt hell løya vinden, medan det også byrja å regne. Det hjelpte bra på.

Bakkhaug er likevel imponert over arbeidet som vart gjort.

– Hadde dei ikkje gjort som dei gjorde, så hadde heile hotellet brunne ned til grunne. Dei berga store delar av hotellet, seier han.