Hopp til innhold

Brannsjefen om NVE-ynskje: – Galskap

NVE vil gjere nettleiga høgare om ettermiddagen og rimelegare på natta. – Sett med brannførebyggande auge, så blir dette riv ruskande gale, seier brannsjefen i Førde.

Bernhard Øberg

KRITISK: Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, ber folk halde seg til lading på dagtid. – Å setje ting på lading er å gamble på branntryggleik og eige liv, seier han.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Varierande straumprisar kan spreie energiforbruket i større grad utover døgnet. Slik kan ein unngå 30 prosent auke i nettleiga dei kommande åra.

Men ekspertane steglar over framlegget. Galskapsråd, meiner brannsjef Bernhard Øberg i Førde. Han fryktar at det kan bli fleire brannar.

– Om folk blir pålagde å bruke dette på nattetid, utan at tryggleiksinstallasjonane er komne på plass, så trur eg det kan bli meir, seier han.

Vil spreie forbruket

Stadig fleire av oss brukar meir straum, og det på same tid. Om morgonane og ettermiddagane slår nordmenn flest på "alt".

Kristin Lefdal og familien på fem brukar elbilen dagleg.

LADAR OPP: Kristin Lefdal og familien på fem brukar elbilen dagleg. – Vi ladar bilen om kveldane, ofte rekk vi ikkje å gjere det før vi legg oss, fordi den blir brukt så mykje, seier ho.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi merkar at vi har ungdomar som skal dusje etter trening, det er matlaging, oppvaskmaskin og vaskemaskin, seier Kristin Lefdal frå Lefdalsbygda i Eid kommune.

No må linjenettet oppgraderast. Den rekninga får forbrukarane i form av auka nettleige. Aukande straumforbruk er også med å presse prisane oppover.

– Vi ser ei endring i korleis vi brukar straum, vi tek ut meir straum samstundes og det kostar, seier direktør i NVE, Per Sanderud.

– Eit ubegripeleg val

Per Sanderud

VARSLAR: NVE ynskjer at straumen skal bli dyrare om ettermiddagen og rimelegare om natta. – Vi ventar at det kjem system som styrer dette automatisk for deg, seier direktør Per Sanderud.

Foto: Linda Reinholdtsen/NRK

Difor ynskjer NVE at nettleiga skal bli høgare om ettermiddagen og rimelegare om natta. Målet er at folk skal bruke straum til ulike tider av døgnet. Innføring av nye målarar og smartare sikringsskap gjer at forbrukaren sjølv skal sleppe å slå av forbruket.

Øberg likar dårleg at forbrukarane kan stå i ein skvis mellom rimeleg straum og risikofull straumforbruk på nattetid.

– Det er eit val du ikkje har noko vinnarar i. Det er eit ubegripeleg val, seier han.

Det er ikkje berre lading av mobil og nettbrett som er risikofullt.

Lenger responstid om natta

– Tørketrommelen er ein risiko. Om du ikkje har faste rutinar på å tømme tørketrommelen for støv og lo, så har du ei tikkande brannbombe som du set på nattetid, seier Øberg.

Hoverboard tok fyr

BRANN: Hoverboardet hadde lada i ein time eller to då det byrja å brenne. Huset fekk store skader i brannen.

Foto: Privat

Lading av elektriske artiklar er farleg også på dagtid. Nyleg tok eit hoverboard fyr under lading i Eikefjord. Huset fekk store skader, men ingen personar vart skadde.

– På natta må ein rekne fem minuttar lenger responstid hos brannvesenet. Det betyr at ein brann får utvikle seg mellom fem og ti minuttar meir enn på ein ettermiddag. Det kan vere skilnad på om vi klarer å stogge brannen i det eine rommet, eller om huset brenner ned, seier han.