Hopp til innhold

– DSB sparkar seg sjølv på leggen når dei kritiserer dei lokale brannsjefane

Fleire brannsjefar meiner Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har svikta i å gi brannfolk nok utdanning, og at dei sparkar seg sjølv på leggen når dei kritiserer dei lokale brannsjefane.

Magne Igland

– DSB HAR SVIKTA: Det meiner Magne Igland, leiar i Sogn og Fjordane brannbefalslag og brannsjef i Flora og Bremanger.

Foto: Flora brannvern

Denne veka har DSB i ein rapport slått fast at opplæringa i leiing og koordinering under brannar er for dårleg hjå dei lokale brannsjefane.

Gaute Johnsgaard

FÅR KRITIKK – KRITISK TILBAKE: Gaute Johnsgaard, brannsjef i Lærdal og Årdal.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Der føler eg at DSB sparkar seg sjølv på leggen, fordi det er dei som må styra kompetanseutviklinga og sørgja for at det er nok studieplassar på brannskular og slike ting, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Lærdal og Årdal.

Kritikk for dårleg leiing

Den oppfattinga deler også Magne Igland, som er leiar i Sogn og Fjordane brannbefalslag.

– Det er ganske alvorleg. Det er den opplæringa som gir grunnlaget for at me skal kunne hanskast med slike store hendingar og jobba i lag med andre naudetatar når det skjer store hendingar, seier han.

Brannsjefane i Lærdal og Aurland har denne veka fått skarp kritikk frå DSB etter storbrannen i Lærdal og brannen i Gudvangatunnelen i fjor. Mellom anna har det vore dårleg samhandling, manglande leiing og koordinering og lite oversikt på brannstaden.

– DSB har svikta

Magne Igland

MAGNE IGLAND

Foto: Flora brannvern

Igland, som også er brannsjef i Flora og Bremanger, forstår kritikken, men meiner det ikkje kjem fram at DSB sjølve over lengre tid har svikta i å skaffe god noko opplæring til lokale brannsjefar.

– Det er der er føler DSB har svikta oss. Dei gjorde ein feil då dei bestemde at brannkorpsa fekk ut ifrå innbyggjartalet. Det vil seia at Oslo, som ikkje har ein einaste deltidsmann, fekk mest. Me andre fekk brødsmulane, seier Igland.

– Kommunane har ikkje gjort sitt

Anne Rygh Pedersen

AVDELINGSDIREKTØR I DSB: Anne Rygh Pedersen.

Foto: DSB / Presse

Det er Kommunaldepartementet som har ansvaret for å fordele og løyve pengar.

DSB har pressa på, og løyvingane til opplæringa har i år auka til 36 millionar kroner. Men pengane til kommunane er ikkje øyremerka.

– Det har i periodar vore litt liten kapasitet knytt til Norges brannskule og til deltidsutdanning, men det er også slik at kommunane ikkje fullt ut har kjent si gjestingstid og sitt ansvar for å utdanna eige deltidspersonell, seier Anne Rygh Pedersen, avdelingsdirektør i DSB.

– Halvparten manglar formell kompetanse

– Det er stort etterslep i blant anna utdanning av brannkonstablar, sjølv om me ligg godt an her i Lærdal. Det same etterslepet er det nok på leiarutdanninga i brannkorps, så der må nok DSB og ta litt kritikk for at ting ikkje går som smurt, seier Johnsgaard.

Han anslår at av om lag halvparten av dei 9000 deltidsbrannfolka som er i Norge, så har halvparten ikkje den formelle kompetansen som dei bør ha.

– DSB gjer nok det dei kan, men eg meiner dei må pressa på litt meir, avsluttar han.