Hopp til innhold

– Evalueringsrapporten er som venta. Den er eit bestillingsverk

Brannsjef Hans Petter Haukø i Flatanger meiner rapportane etter storbrannane i vinter er eit bestillingsverk frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). – Det vil eg avvise på det sterkaste, svarar DSB-direktør Anne Rygh Pedersen.

Brann Frøya

I BRANN: Brannen på Flatanger var knapt nok over då flammane tok til å herje på Frøya.

Foto: Joakim Halvorsen / NTB scanpix

I rapportane etter brannane i Flatanger, Frøya og Lærdal, samt tunnelbrannen i Gudvangatunnelen, kritiserer DSB måten det lokale brannvesenet jobbar på .

Brannsjef i Flatanger Hans Petter Haukø

KRITISK: Bransjef Hans Petter Haukø i Flatanger meiner Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap brukar storbrannane i vinter for å slå saman brannvesen.

Foto: Terje Næss

Brannsjef Hans Petter Haukø i Flatanger meiner rapportane er bestillingsverk for å slå saman brannvesen.

– Det å kritisere på eit slikt generelt grunnlag, utan å ha dokumentert påstandane dei kjem med, er heilt hårreisande etter mitt syn, seier han.

– Heilt ekstremt

DSB kritiserer korleis dei lokale brannvesena jobbar og peikar særskilt på dårleg leiing og strategi. Konklusjonen er at større einingar ville takla katastrofane betre.

Det trur ikkje Gaute Johnsgaard, brannsjef i Årdal og Lærdal. I løpet av få månader fekk brannvesenet to store brannar å hanskast med.

Gaute Johnsgaard

EKSTREMT: I kraftig vind fekk Gaute Johnsgaard og mannskapet hans ein stri tørn då flammane herja i Lærdal.

Foto: Johan Moen

Først med vogntogbrann i Gudvangatunnelen, så storbrannen på Lærdalsøyri.

– Hendinga i Lærdal var heilt ekstrem. Det var den største brannen som har vore i Norge sidan 1923. Forholda var heilt ekstreme og det vart lagt ned ein formidabel innsats. Det er den som gjer at gamle lærdalsøyri framleis er der, sa han då rapporten kom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flatanger

BRANN: Brannen på Flatanger starta som ein lyngbrann, men spreidde seg raskt i kraftig vind.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Eit bestillingsverk

I ein periode med mange brannar langs kysten , kjempa Haukø og mannskapet hans mot flammane i Flatanger. Det vart den verste storbrannen på mange, mange år .

Brannsjef på Frøya, Andreas Kvingedal

FORBAUSA: Brannsjef Andreas Kvingedal på Frøya trur ikkje brannen der ville fått eit anna utfall med eit større brannvesen.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

– Vi har ein, veldig kortreist beredskap. Vi var i slokking etter ti minuttar, vi gjennomførde evakueringa som politimyndigheit, før politiet var på staden, seier han og meiner direktoratet og direktør Anne Rygh Pedersen brukar storbrannane i vinter for å slå brannvesen saman.

Ikkje for å lære av det som har skjedd.

– Eg tykkjer den er direkte upassande. Evalueringsrapporten er som venta. Den er eit bestillingsverk frå Rygh Pedersen. Det er dårleg skildring av hendinga i Flatanger, fagleg spinkel og har lita evne å analysere sjølve hendinga, seier han.

Avviser kritikk

Haukø får støtte frå kollega Andreas Kvingedal, brannsjef på Frøya. Han trur ikkje at brannen som herja i over eitt døgn der ville blitt slukka raskare om dei hadde vore større.

– Eg er veldig forbausa over kritikken som har kome. Eg meiner vi gjorde det heilt rett, og eg trur ikkje brannen hadde gått noko annleis om vi hadde hatt felles brannvern eller regionalt brannvern som DSB tydelegvis er ute etter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannen i Lærdal

STORBRANN: Fleire hus og bygningar gjekk tapt under storbrannen i Lærdal, men dei verneverdige bygningane på øyri vart berga frå flammane.

Foto: Jan Erikstad

DSB-direktør Pedersen avviser på det sterkaste påstandane frå Haukø og Kvingedal.

– Det ville vere veldig spesielt om vi skulle bruke desse katastrofene på nokon måte, seier ho.

Vil redusere

Anne Rygh Pedersen

DIREKTØR: Anne Rygh Pedersen avviser at rapportane er eit bestillingsverk.

Foto: Máret Inger Anti / NRK Sápmi

I rapportane tek DSB opp att tråden frå brannstudien som kom i januar, og igjen tek dei til orde for eit større brannvesen. Dei meiner dagens 295 bør bli langt færre, og helst fylkesvise.

Rapportane går også langt i å antyde at brannane i vinter kunne blitt løyst betre med eit større brannvesen - i staden for fleire små.

– Det er ikkje tvil om DSB si haldning. Vi er tydelege på at det behov for større fagmiljø, men vi har gått grundig gjennom alle sider av desse hendingane. Det har resultert i 17 forbetringspunkt som handlar om mykje meir enn berre at det er behov for større organisasjonar, seier Pedersen.

Samstundes er ho klar på at eit større brannvesen kunne gjort ein betre jobb.

– Vi meiner at utfallet truleg kunne vore annleis om innsatsen hadde vore organisert betre på eit tidlegare tidspunkt i brannforløpet, seier ho.