Hopp til innhold

Brannsjef trugar med rettssak

Brannsjef i Flora og Bremanger, Robert Endestad, trugar med rettssak etter at han likevel ikkje fekk jobben som brannsjef i nye Kinn kommune, skriv Fjordenes Tidende. Endestad vart i utgangspunktet tilsett som brannsjef i Kinn, men rådmann Terje Heggheim gjorde om vedtaket og gav jobben i staden til brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle. Heggheim har bede om orsaking for at det vart gjort ein feil då Endestad vart tilsett.

Robert Endestad
Foto: Bård Siem / NRK