Brannmenn er redde for å nærme seg brennande elbilar: – Liv kan gå tapt utan grunn

FLORØ (NRK): Mangelen på kunnskap kan føre til dødsfall når det oppstår brann i el-bilar.

BEKYMRA: Rune Wiggo Johnsen meiner den manglande informasjonen rundt korleis ein sløkker elbil-brann kan gå utover liv i naudssituasjonar.

– Mangelen på kunnskap kan føre til handlingslamming. Informasjonen kan fort verte forskjellen på liv og død, seier Rune Wiggo Johnsen i Trøndelag brann- og redningsteneste.

Med 350 000 el- og hybridbilar på landevegen slit mange med å forstå korleis dei skal sløkke dei batteridrivne bilane. No reiser Johnsen landet rundt for å demonstrere korleis ein skal sløkke brannen på ein effektiv måte.

Dei siste åra har elbilar fleire gonger vore i media sitt søkjelys då batteriet på bilen vert av enkelte sett på som ekstra brannfarleg og eksplosivt. Johnsen meiner at dette skuldast manglande kunnskap.

– Det er vel gjerne slik med det som er nytt. Ein er usikker og dannar seg idear. Batteria på elbilane, som mange også er bekymra over, oppheld seg også i ein lukka container inne i bilen og er skjerma der.

– Ein utfordrande situasjon

Administrerande direktør Rolf Søtorp i brannvernforeninga bekreftar at det er eit manglande kunnskapsnivå rundt korleis brannvesenet skal handtere elbilane.

– Dette har vore i bekymring over lang tid. Det har vore ein vanskeleg situasjon lenge.

Søtorp meiner at arbeidet Johnsen legg ned er heilt essensielt, då auken av batteridrivne bilar berre held fram.

– Eg trur fleire i brannvesenet heng etter. Men med meir informasjon og gode metodar vil dette verte handtert meir effektivt, seier han.

El-bil som brenn under ei brannøving

FÅR NY KUNNSKAP: – Mangelen på kunnskap kan føre til handlingslamming, seier Rune Wiggo Johnsen i Trøndelag brann- og redningsteneste.

Foto: Truls Kleiven

Høg prioritet

Eit auka fokus på kunnskap er også viktig for Direktoratet for Beredskap og Sikkerheit (DSB). Fungerande direktør Ann Christin Olsen-Haines seier dei er i tett dialog med både redningsvesenet og bilbransjen for å auke sikkerheita rundt elbil-brannar.

– Statistikk me sit på no, tilseier ikkje at elbilar er meir brannfarleg enn andre bilar.

Ho erkjenner likevel at det er viktig å rette fokus på at bilane brenn på ein litt annleis måte.

– Elbilar krev gjerne alternative sløkkemetodar enn ein vanleg bil, seier ho.

Brannmenn sløkker brennande elbil

SLØKKING: Her øver brannfolka seg på å sløkke brannen i elbilen.

Foto: Truls Kleiven