Vinden har teke seg kraftig opp utover ettermiddagen og kvelden. Siste timane har vinden også byrja å gjere skade.
– Det er mykje lause gjenstandar i Måløy. Flaggstenger som brotnar, salsbod som bles overende og takplater som har losna. I Florø har takplater og tre gått overende, opplyser Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Florø.
– Uforsvarleg
Også andre stadar langs kysten har vinden gjort skade. I 1830-tida var det stor pågang hos alarmsentralen. Allereie er mange av etaten sine 800 mann no i sving.
SIKRAR: Slik sikra brannvesenet bua i Måløy. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)
- Les også: Her blir NRK-reporteren tatt av vinden
Det som i starten var skader hovudsakleg i Ytre Nordfjord, gjeld no fleire stader innover i fjordane. Også i Sogn.
– Det er stort sett vind som tek med seg både terrasser, tak og takplater. Det er mykje som fyk kring om. Dei som ikkje ikkje absolutt må ut, bør halde seg innandørs. Fleire stader er det ikkje forsvarleg å gå ute, seier Brandsøy.
Stålplater i vegen
I Florø har ein lyktestolpe ramla over fylkesveg 548 ved Krokane gard. Det er passasje for små bilar på staden. I kystbyen har også eit tre ramla over same vegen, då ved gravplassen i Brandsøy. Det er passasje for små bilar.
I Selje er taket på ei sjøbod ved Borgundvåg i ferd med å losne. Lause gjenstnadar fyk rundt om på vegen. På fylkesveg 609 ligg det stålplater i vegen mellom Førde og Askvoll.
SJÅ VIDEO: Her tek dei kraftige vindkasta ei salsbod i Måløy sentrum. (FOTO: SANDRA GUDNADOTTIR)
Saka blir oppdatert.