Hopp til innhold

Brannråka tunnel vil truleg vere stengd ei god stund

Skal du til eller frå Indre Sogn tysdag må du køyre via fylkesveg 55 og Høyanger. Riksveg 5 vil truleg vere stengd i fleire dagar etter brannen i Fjærlandstunnelen i natt.

Brann
Foto: NRK-tipsar

Etter at ein feiebil tok til å brenne i Fjærlandstunnelen seint måndag er det skilta omkøyring via ferjesambandet Hella-Dragsvik.

– Fjærlandstunnelen vil nok vere stengd ei god stund framover. Det er snakk om store skader etter brannen, seier Marius Råve som er trafikkoperatør ved trafikksentralen i Bergen.

Fjærlandstunnelen var delvis stengd grunna planlagd vegarbeid då det tok til å brenne i ein feiebil.

– Det blir sendt folk til staden på tysdag. Det er skader på vegg og tak, samt på teknisk installasjon, seier Råve.

Den stengde tunnelen gjer at det er skilta omkøyring via ferjesambandet Hella–Dragsvik.

– Vi jobbar med å sette inn ferje på dette sambandet natt til tysdag, seier Råve.