Hopp til innhold

Brannråka Lærdal gjev vekk kleda – hundrevis av sekker blir sende austover i Europa

Det vart samla inn altfor mykje klede til dei brannråka i Lærdal. No skal lageret tømmast og sendast til Litauen.

Montasje av Anne Kristin Evensen, som sorterar klede samla inn til brannråka i Lærdal og Ulf Menes

VINN/VINN: Anne Kristin Evensen på frivilligsentralen i Lærdal hadde eit lager så proppfullt med klede at ho ikkje visste kvar ho skulle gjere av dei. Ulf Menes samlar inn nettopp klede til trengande på landsbygda i Litauen. No kvittar dei seg med eit felles problem ved å sende fleire hundre sekkar med klede austover i Europa.

Foto: Bildemontasje: Kjellrun Lavik og Halvor Farsund Storvik / NRK

Fredag vert 500-600 sekker med kle pakka og sende austover i Europa, til den vesle byen Jurbarkas i Litauen.

– Dette er stort, seier Ulf Menes i Lionsklubben, som dei siste åra har hatt ei stort engasjement for dei fattige i landet.

Gjevargleda var større enn behovet

Brannen i Lærdal vekte gjevargleda over heile landet. Den folkelege støtta gjorde godt i ei brannråka bygd, men det vart fort klart at gjevargleda var større enn behovet. Og lageret med klede hopa seg fort opp.

Men det som var i ferd med å bli eit problem for Lærdal kommune, vart ei gåvepakke for Ulf Menes. Dei siste åra har han samla inn klede til fattige på landsbygda i Litauen.

– Me har vore der borte og sett kor dårleg stilt dei er der borte. Litt utanfor byane har folk ingen verdas ting å hjelpa seg med, seier han.

– Har betydd mykje

Det har blitt eit symbol på den folkelege støtta Lærdal fekk etter brannen. Men fredag er kleslageret historie. Då kjem ein trailer frå Litauen for å hente med seg kleda.

Sjølv om det vart store mengder klede til overs, har dei brannråka fått stor hjelp av gåvene som kom inn, seier Anne Kristin Evensen i frivilligsentralen og den som har hatt ansvaret for organiseringa av klesmottaket.

– Det har betydd veldig mykje: Det var mange som fekk glede av dei kleda og tinga me fekk inn. Og samstundes har omtanken som ligg bak varma veldig mange. Det er veldig godt at også andre vil få glede av det, seier ho.