Hopp til innhold

Brannoffer utan forsikring

Lillian Klubben frå Jølster og dottera på fire år står på bar bakke etter at huset deira brann ned til grunnen. Klubben hadde ikkje innbuforsikring.

Husbrann i Furelia i Førde.
Foto: Cosmin Cosma, NRK

Vi møter 26 år gamle Lillian Klubben heime hos foreldra på Jølster. Her har ho budd sidan huset ho leigde i Furelia i Førde brann ned til grunnen for ei veke sidan.

Ho og dottera på fire år var ikkje heime då brannen braut ut. Men nærast alt dei eige forsvann i flammane natt til sist laurdag.

- Eg mista absolutt alt. Det var heilt forferdeleg. Eg skjønte det ikkje med ein gong. Det var eit sjokk, fortel Lillian Klubben med gråtkvalt stemme.

Utan innbuforsikring

Klubben hadde ikkje teikna innbuforsikring og får difor ikkje erstatta eit øre av det som gjekt tapt i brannen.

- Eg hadde tenkt på det, men eg hadde ikkje somla meg til å gjere det. Eg hadde jo aldri tenkt at slikt kunne skje meg.

26-åringen er tydeleg prega av det som har skjedd. Spesielt tungt er det for henne å sjå korleis brannen har gått innpå dottera som no er hos faren.

- Det blir tøft for henne å kome hit igjen. Ho har jo ingenting å kome til.

Innsamlingsaksjon

Anne Berge eigde huset som Lillian og dottera leigde. Sjølv bur Anne og familien i huset ved sidan av. Ho har no starta innsamlingsaksjon for den vesle familien..

- Lillian har ei dotter på fire år, og eg har to små på tre og fem år som har vore saman med dotter hennar. Sidan eg visste at ho ikkje hadde forsikring, så måtte eg berre hjelpe henne. Det er forferdeleg fortvilande, og ungane våre er ganske opprørte over det som skjedde, seier Berge.

 

Dyr lærepenge

- Lillian hadde ikkje forsikring. Kva tankar gjer du deg om det?

 

- Det har vore ein dyr lærepenge for ho. Eg har vore ung sjølv, og eg veit at det er veldig lett for å tenkje at det ikkje skjer meg. Eg vil oppmode alle om å gå gjennom forsikringane sine, seier Berge. 

 

- Eg har mange veninner som leiger og som heller ikkje har innbuforsikring. Eg håpar dei no har lært, avsluttar Lillian Klubben.

Kontonummeret til innsamlingsaksjonen er 3705.09.95462.