Hopp til innhold

Brannnen gjer at du må finne alternative ruter

Det er meldt om stor trafikk og veksande køar på ferjestrekninga Hella-Dragsvik, som no tek all trafikken mellom Sogn og Sunnfjord.

Kø på Hella ferjekai

HER ER DET ALT KØ: På ferjekaia på Hella hopar det seg fort opp.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Brannen i Fjærlandstunnelen gjer at mange må finne alternative ruter i fleire dagar framover.

Den sterkt trafikkerte riksveg 5 mellom Skei og Sogndal er stengd. Sidan tverrsambandet via Fjærland og Sogndalsdalen vart opna i 1994 har det aller meste av trafikken mellom Nordfjord/Sunnfjord og Sogn gått der.

Også mange frå Sunnmøre køyrer denne vegen når dei skal austover.

Før 1994 gjekk trafikken via Leikanger og ferjesambandet Hella-Dragsvik og om Høyanger. No er det den vegen folk må ta, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Svenn Egil Finden

UVISST KOR LENGE: Avdelingsriektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Normalt er det arbeid i Høyangertunnelen, men det sløyfar vi i dag, slik at det blir fri ferdsel gjennom tunnelen.

Finden seier at folk må bruke denne omkøyringa fleire dagar.

– Førebels er det for tidleg å seie noko om kor lenge tunnelen blir stengd, men det vil truleg dreie seg om fleire dagar.

Ferja kan bli flaskehals

På omkøyringsvegen på fylkesveg 55 mellom Leikanger og Hella er det smal veg, og der kan trafikken lett korke seg. Det har skjedd i periodar då Gudvangatunnelen var stengd, og trafikken på E16 vart leia over Vikafjellet.

Christine Hammersvik

KAN AUKE KAPASITETEN: Operativ leiar Christine Hammersvik i Fjord1.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men førebels er det ikkje aktuelt med noka form for regulering, seier Finden.

Ferja mellom Hella og Dragsvik kan og bli ein flaskehals. Operativ leiar Christine Hammersvik i Fjord1 seier at dersom Statens vegvesen ber om det, kan dei auke kapasiteten på sambandet.

– Vi har to ferjer på sambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes, og i tillegg har vi ei reserveferje liggande i Kaupanger. Vi gjekk ekstraturar i natt, og no er det opp til Statens vegvesen å ta initiativ.

– Vi har folk ute for å følgje med på trafikkavviklinga på omkøyringsvegen, og vi vil sette inn ekstraferjer på nattestid, seier Svenn Egil Finden.

Statens vegvesen vurderer no om dei skal framskunde opninga av riksveg 13 over Gaularfjellet, slik at iallfall ein del av personbiltrafikken kan gå der, skriv Sogn Avis.