NRK Meny
Normal

Brannmannskapet hadde lærdalsbrannen i bakhovudet

Fleire av brannfolka som sløkte brannen i Sogndal, var sjølv med då branninfernoet herja i Lærdal i 2014. Dei er glade for at ein hadde tilfeldigheitene med seg i natt.

Branntomta i Sogndal sett frå sjø

TETTBYGD: Husa står tett i området der det brann i Sogndal natt til søndag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Husa i området rundt der det brann står så tett at det nesten ikkje går an å gå i mellom dei. Det er klart vi tenkte på det, seier brannsjef i Sogn brann og redning, Vidar Trettenes.

To hus vart totalskadde i brannen i Sogndal i natt, men brannsjefen trur at det kunne ha gått endå verre.

– Vi må nesten seie det at vi har hatt tilfeldigheitene med oss. Det var ganske lite vind etter kvart, forholda låg til rette for sløkkearbeidet.

Les også: Det var veldig dramatisk

Brann Sogndal

TOTALSKADDE: To trehus er totalskadde etter brannen i Sogndal i natt.

Foto: Øivind Emil Grønningsæter

Var tidleg på plass

Trettenes meiner også det var veldig viktig at brannmannskapa var på plass kort tid etter at alarmen gjekk.

– Vi var på plass med store ressursar tidleg, og det har også vore heilt avgjerande for at brannen ikkje har spreidd seg vidare.

Etter at alarmen gjekk klokka 01:59 i natt, fekk brannvesenet i Sogndal varsla brannstasjonane i Gaupne, Leikanger og Hafslo. i tillegg vart heimevernet og raudekrossen kalla ut med ein gong, og stigebilen til brannvesenet i Førde vart sendt ut.

Les også: kriminalteknikar skal undersøke branntomta

Tenkte på lærdalsbrannen

Det er tette trehus i området der det brann, og brannsjefen seier at dei tenkte på brannen i Lærdal då dei såg at det var i slike hus det brann.

Brann i Lærdal

STORBRANNEN: I 2014 brann mange trehus i Lærdal

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det kunne ha spreidd seg på den måten det gjorde i Lærdal, men då var det mykje tørrare enn det er no. Det var også meir vind, seier Trettenes.

Han trur også det er ein fordel at brannmannskapa har røynsler med brann i trehus.

– Vi har fokus på trehus og brann i trehus, og når vi kjem på plass så tidleg som vi gjorde i natt, så har vi gode moglegheiter for å drive godt sløkkearbeid.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.