Hopp til innhold

Brannmannskapa har sløkt pipebrannen i Stryn

Like før klokka 18 rykte brannvesenet i Stryn t ut til ein pipebrann i ved Flore i Markane.

Brann i Stryn

– To personar som var i huset har kome uskadde ut, seier vaktkommandør Frode Korneliussen når NRK snakkar med han like etter klokka 18.

Klokka 18:31, melder brannmannskapa attende at brannen er sløkt.

– Mannskapa blir verande der ei stund til for å forsikre seg om at det er kaldt nok til at det ikkje er fare for at brannen skal blusse opp at.

– Kan dei som var i huset flytte inn igjen i kveld?

– Eg har så langt ikkje fått tilbakemelding på kor store skadar huset har fått. Det eg veit er at dei som var i huset har opplyst at det på eit tidspunkt var opne flammar på utsida av pipa i stova.