Politiet fekk melding om brannen klokka 17.29, men på grunn av lang avstand med blandt anna ferje kom ikkje brannmannskapa fram før 18.15. Brannmannskapa frå Hafslo og Gaupne måtte ta ferje frå Solvorn.
Hindra spreiing
Brannen starta i ein mindre produksjonshall, men ein frykta at brannen skulle spreie seg til den store hallen like ved. Den solide konstruksjonen på den store hallen i metall hindra truleg at også denne også byrja å brenne.
Fekk raskt kontroll
Brannmannskapa fekk raskt kontroll over brannen då dei kom fram. Folk på staden hadde også drive sløkkingsarbeid før brannvesenet kom fram. Innsatsen deira var med på å berge den store produksjonshallen.
Takkar lokale krefter
Dagleg leiar ved båtbyggeriet, Øyvind Hatlevoll, takkar mange gode lokale krefter for at hovudproduksjonshallen framleis står. Først etter nesten ein time var brannmannskapa på staden og fekk kome i gang med sløkking.
Fire båtar gjekk tapt
Enno har ikkje Hatlevoll oversyn over kor mykje som har gått tapt, men fire båtar og fleire båtmotorar er mellom det som no ligg i oske. Men hadde brannen tatt tak i den store hallen vegg i vegg kunne det gått langt verre.
- Må sjå nærare på brannvernet
Han har sjølv vore med å diskutere brannvernet i området, seinast i vår. Men no meiner han ein må sjå på dette på nytt.
MMS-foto: Arne Eithun