NRK Meny
Normal

Brannmannskap fekk kontroll på lyngbrann

Brannmannskap har sløkt lyngbrannen i Førsfjella i Bremanger.

Brann

LYNGBRANN: Det er stor gras- og lyngbrannfare etter fleire tørre og varme dagar.

Foto: NRK-TIPSAR

Ein lyngbrann langt oppe i fjellsida ved Rausgarsvatnet i Førsfjella er no sløkt. Det blir sett ut ei vakt på staden for å passe på at brannen ikkje blussar opp att.

Vinden gjorde arbeidet vanskeleg.

– Brannen er høgt oppe i fjellsida og spreier seg fort på grunn av vinden, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Jan Gunnar Holvik.

Mannskap frå fleire brannstasjonar var på staden.

– Det er 15 personar på staden som kjempar for å få kontroll, men dei er optimistiske, seier Holvik.

110-sentralen vurderte fortløpande om det måtte tilkallast fleire folk frå Davik eller Svelgen.

Sentralen opplyste om at var ein person som dreiv med bråtebrann som melde frå.

– Det er bråtebrenning som no har spreidd seg og kommen ut av kontroll.

Det er lokal stor gras- og lyngbrannfare på Vestlandet sør for Stad, og spesielt i ytre strok. På fredag sende Meteorologisk institutt OBS-varsel.

Laster kart, vennligst vent...

BRÅTEBRENNING UTE AV KONTROLL: Brannmannskap i Bremanger kjempar for å få kontroll på ein lyngbrann.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.