Hopp til innhold

4 av 10 utrykkingsleiarar manglar utdanning

FLORØ (NRK): Nesten 40 prosent av utrykkingsleiarane som jobbar deltid i brannvesenet manglar obligatorisk utdanning.

Brannøving i Florø

ØVING: På eit øvingsfelt ved Florø lufthamn deltek fleire i brannøving der dei trenar på dei dramatiske situasjonane.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Alt for dårleg og ein fare for branntryggleiken, seier fungerande avdelingsdirektør Hans Kristian Madsen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Allereie i 2001 kom den såkalla dimensjoneringsforskriften, som stiller krav til kva utdanning brannmannskap i Norge må ha. 16 år seinare er det framleis store manglar.

I Florø har dei arrangert lokale øvingar for brannvesenet

ØVINGA: Sjå bileta frå brannøvinga i Florø.

Mange manglar opplæring

Tal frå DSB frå 2016 viser at heile 37 prosent av utrykkingsleiarar som er deltidstilsette manglar kursing og opplæring.

– I ein aksjon står ein ofte åleine og må ta eit val. Då er det viktig å ha opplæring slik at du gjer dei rette vala, seier utrykkingsleiar, Bjørn Øren.

Brannøving i Florø, utrykningsleiar, Bjørn Øren

PÅ ØVING: Utrykkingsleiar, Bjørn Øren deltok då dei hadde øving ved Florø lufthamn.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Han er ein av fleire utrykkingsleiarar, som dei siste dagane har fått naudsynt trening og opplæring i Florø. Der trente dei mellom anna på å redde ut folk frå bygningar, medan dei kjempar mot elden og røyken.

Fungerande avdelingsdirektør i direktoratet, Hans Kristian Madsen

KOM I GANG: Hans Kristian Madsen oppmodar andre kommunar til å komme i gang med naudsynt opplæring.

Foto: Oddmund Risæter Haugen / NRK

Fungerande avdelingsdirektør i direktoratet, Hans Kristian Madsen seier det er viktig å kunne faget sitt godt. Det er kommunane som har ansvar for at brannvesenet har denne opplæringa og Madsen oppmodar fleire til å komme i gang.

– Ein kjem ofte opp i heiltuventa situasjonar som brann i tunnelar eller bygningar, eller krattbrannar for den saks skuld. Då må du vite kva du skal jobbe med, seier han.

Meir deltaking på lokale kurs

 Per Otto Selstad i Sogn og Fjordane Brannbefalslag

BILLIGARE: Per Otto Selstad seier det er mykje billigare å arrangere kurs lokalt.

Foto: Oddmund Risæter Haugen / NRK

Berre dei siste åra har rundt 60 personar i Sogn og Fjordane fått naudsynt fagleg påfyll. Deltakinga på kursa tok seg kraftig opp då det vart arrangert lokalt. Ifølge Per Otto Selstad i Sogn og Fjordane Brannbefalslag kjem det av at det er for dyrt å reise på Norges Brannskule.


– Her klarer vi å få det til billigare. Etter at vi fekk laga dette opplegget med samlingar på ein eller to dagar har vi fått fortgang i dette, seier Selstad.

Brannøving i Florø

BRANN: I Florø trente dei på å redde folk ut frå brennande bygningar og anna ein må vere budd på i brannvesenet.

Foto: Oddmund Risæter Haugen / NRK