Hopp til innhold

Brannfolk må rykkje ut til langt fleire helseoppdrag enn tidlegare

Med omorganiseringa i politiet og ambulanseparken, må brannvesenet stadig oftare rykkje ut til oppdrag dei ikkje kjenner seg komfortable med å ta.

Brannvesenet må stadig oftare rykkje ut på såkalla helseoppdrag.

SJÅ TV-SAK: Brannmannskap likar dårleg at dei stadig må rykkje ut til oppdrag dei ikkje kjenner seg kompetente eller trena til å handtere. (FOTO/REDIGERING: ODDMUND REISÆTER HAUGEN/NRK)

– I prinsippet skal vi vere budde på det meste, men vi ynskjer likevel tilstrekkeleg trening og kompetanse på det vi normalt blir utsette for, seier brann- og redningssjef Vidar Trettenes i Sogn.

Fleire helseoppdrag

Roy Humlestøl

UTFORDRANDE: Roy Humlestøl og Alarmsentralen i Sogn og Fjordane må stadig oftare kalle brannmannskap ut på helseoppdrag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Medan politiet omstrukturerer og ambulansane blir færre, er det stort sett brannfolk att i alle kommunar. Desse er i hovudsak frivillige, men må stadig vekk rykkje ut til hendingar som ikkje har noko med det dei er trente til å gjere. å sløkke brannar.

Ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier nestkommanderande Roy Humlestøl at det blir kortare og kortare mellom kvar gong han sender ut mannskap ut på helseoppdrag.

– Vi sender våre folk ut på dei fleste oppdrag der folk eller fe treng hjelp på eitt eller anna vis, men det kan vere utfordrande å rykkje ut på andre type oppdrag enn dei tradisjonelle brannoppdraga, seier han.

– Dårleg kjensle

Vidar Trettenes

TEMA: Vidar Trettenes seier at dei stadig fleire helseoppdraga er tema mellom kollegaene hans.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Brannfolk blir sendt på hjartestansar, eller kjem som første naudetat til trafikkulukker. Humlestøl har også sendt brannmannskap som berehjelp for ambulansar.

Slike oppdrag kan vere både utfordrande og krevjande. Brannvesenet likar ikkje utviklinga.

– Ein vil alltid gjere det ein kan for å hjelpe folk i naud, men du kan komme dit med ei dårleg kjensle fordi du veit at du verken har kompetanse eller trening til å til dømes handtere ein hjartestans på eiga hand, seier han.

Fleire utfordringar

Dette stadfestar Trettenes i Sogn brann og redning IKT. Brannfolka kan enkel og grunnleggande helsehjelp.

Med nye oppgåver treng dei nye timar til trening. Også det kan by på utfordringar.

– For mange er brannvesenet eit tillegg til ein hovudarbeidsgjevar. Øvingar skjer på kveld, i helgar eller ein må ta dei ut av arbeidet. Så kan utrykkinga komme når som helst. Kjenner hovudarbeidsgjevaren på at den tilsette er vekke heile tida, så er ikkje det heldig heller, seier han.

Styrkar kompetansen

Hans Kristian Madsen

STYRKAR: DSB ser behovet og stablar no på beina ein toårig fagskule for å møte brannfolka sine nye utfordringar, seier Hans Kristian Madsen.

Foto: DSB

Ved Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har også fungerande avdelingsdirektør Hans Kristian Madsen merka seg ein auke i helseoppdrag hos brannvesenet.

DSB svarar med å styrke kompetansen.

– Vi etablerer no ein ny toårig fagskule, slik at det blir kanalisert mykje midlar for å auke kompetansen i brann- og redningsvesenet i åra framover, seier han.