Det er VG som skriv dette i dag. Politiadvokat Magnar Austerheim i Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar at dette er den mest sannsynlege brannårsaka. Sikringskåpet stod i soveromsfløyen i huset. Ein annan mogeleg brannårsak er eit elektrisk uttak som det var kopla ein omn til. Også dette var i soveromsfløyen.
Den endelege rapporten frå Kripos blir truleg klar i løpet av månaden.
Mannen som først var mistenkt for å ha sett fyr på huset, er framleis sikta. Men dette er berre av formelle grunnar, opplyser politiet.