NRK Meny

Brannen sløkt etter fire dagar

Brannen som tysdag starta i ein flishaug ved SIMAS sitt anlegg på Kaupanger er no sløkt. Det opplyser fagsjef Elmer Sjøvoll i Sogn brann og redning. Brannvesenet heldt på med sløkking fram til klokka to i natt, medan sivilforsvaret har halde flammane under oppsyn heilt fram til no. – Sjansen er minimal for at det skal blusse opp att med det vêret som er no, seier Sjøvoll.