Hopp til innhold

Brannen råka Breheimsenteret midt i den mest hektiske sesongen

Reiselivet i Jostedalen har store utfordringar når hundrevis av turistar i dag kjem til bygda.

Branntomta på Breheimsenteret

BRANNTOMT: Breheimsenteret i Jostedalen er ikkje til å kjenne igjen etter brannen natt til fredag.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Breheimsenteret, som i natt brant ned til grunnen, har fungert som eit bookingsenter for det meste av reiselivet.

I løpet av sommarsesongen er om lag 30.000 turistar innom senteret - og berre i dag var det planen at fleire hundre menneske skal vitje Breheimsenteret.

– Vi skal ta oss av dei på beste måte. Vi har etablert oss på Nigardsbreen gjesteheim, som er næraste nabo til Breheimsenteret. Dei var raskt ute i går kveld med tilbod om hjelp, og det er vi takksame for, seier dagleg leiar Peder Kjærvik ved Breheimsenteret.

– Godt å kjenne all velviljen

Brannen natt til fredag kunne ikkje ha skjedd på eit verre tenkjeleg tidspunkt. Det er midt i høgsesongen for turistnæringa i Jostedalen.

No syner dei tilsette ifølgje den daglege leiaren stor ståpå-vilje.

Planlagd lunsj for turistane blir no ordna ved Jostedal hotell.

– Kva betyr all hjelpa for deg?

– Det betyr alt. Folk er klare for å hjelpe, og det er godt å merke, seier Kjærvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann på Breheimsenteret

OVERTENT: Slik såg det ut på Breheimsenteret i Jostedalen natt til fredag.

Foto: Frank Optun Smedegård

– Opplevingane er framleis intakte

– No var vi komne til det punktet på sommaren der det er desidert mest trafikk. Mange hadde forventingar om gode opplevingar, men bortsett frå sjølve bygget er jo opplevingane intakte, seier Kjærvik.

Han er trist over at Breheimsenteret no er borte, men er samstundes mest oppteken av at ingen kom til skade i brannen.

– Vi får prøve å ta oss av turistane på beste måte. Eg trur det skal gå bra. Og så er det viktig å hugse at ingen vart skadde. Det er berre materielle ting vi snakkar om.