- Det svir for ein kommune som alt slit økonomisk. Vi er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og den vert berre verre om vi ikkje får hjelp, seier ordførar Gunn Helgesen, som sjølv deltok i sløkkingsarbeidet på søndag.
I store deler av området har det vore umogleg å bruke noko anna enn helikopter i sløkkingsarbeidet. Men helikopteret har åleine kosta 750.000 kroner. No er ordføraren i dialog med fylkesmannen i håp om at dei kan ta deler av kostnadane.
Operativ leiar, Tormod Hvattum, seier helikopteret har vore heilt avgjerande i sløkkingsarbeidet.
- Helikopteret har vore heilt avgjerande fordi det har brunne i eit svært vanskeleg tilgjengeleg område. Vi hadde ikkje hatt ein sjanse utan helikopteret.