Brannen i Øvre Årdal er sløkt

Brannvesenet måtte i føremiddag rykke ut til ein brann i ein trafostasjon i Øvre Årdal. Det var ein periode meldt om kraftig røyutvikling.

Laster kart, vennligst vent...

– Mannskapa våre har akkurat kome fram så vi har ikkje oversikt over kor stort dette er, men vi må ta straumen i området før vi kan starta sløkkinga seier Frode Korneliussen, ved Alarmsentralen i Florø. Når NRK snakkar med han like før klokka 10.

Brannen vart meldt klokka 09:41. Trafostasjonen ligg midt i sentrum ved Statoilstasjonen

– Per no er det ikkje fare for at brannen skal spreie seg, seier Korneliussen.

Klokka 10:15 opplyser Korneliussen at brannen er sløkt og brannmannskapa har returnert.