NRK Meny
Normal

Brannen i oljetankane er sløkt

Brannen i dei to oljetankane som eksploderte i Sløvåg i Gulen er no sløkt. Ein person er send til sjukehus med røykskader.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Ole Martin Horgen

 

- Bannen i oljetanken no er sløkt, og sitausjonen skal vere under kontroll, seier lensmann Henry Indrebø.

Ingen røyk

Men framleis pågår det nedkjøling av nabotankane for å hindre at dei og eksploderer. 

Det var ein tank med avfallsolje og ein tank med saltsyre som eksploderte rundt klokka 10 i føremiddag. Augevitne fortel om eit kraftig smell, stor røykutvikling og vrakdeler som vart kasta mange tiltals meter opp i lufta. Vitna fortel og om at flammene stod 50-60 meter til vers. 

- Alle er i live

Heile det store industriområdet i Sløvåg er no evakuert. Ifølgje politiet var det åtte personar i området då tankane eksploderte.

- Vi har no fått stadfesta at alle er i live. Ingen er sakna, men eg kan ikkje seie om personane er skadde, opplyser lensmann Henry Indrebø i Gulen til NRK klokka 11.30.

Ti til legesjekk

Politiet fryktar at røyken frå brannen er giftig og ber folk halde seg unna området.

- Kring ti personar som har pusta inn røyken er sende til legesjekk, seier Indrebø.

Dei ti skal vere brannfolk. Ein av personane vart send til sjukehus i Bergen med hudirritasjonar.

I tillegg til fleire ambulansar har det vore seks legar på ulukkesstaden. 

 

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Kåre Ness

Brannvesenet manglar utstyr

Brannvesenet i Gulen måtte ha hjelp frå kollegaene i Bergen. Men brannen i oljetankane var sløkt før bergensarane kom fram. Ifølgje lensmannen var det vatn frå fleire supplybåtar som fekk stoppa flammane.

- Det lokale brannvernet har ikkje utstyr til å handtere denne typen brannar, seier Indrebø.

60 mann frå sivilforsvaret

Bergen brannvesen har sendt ut 21 personar og fleire brannbilar, i tillegg til brannbåten "Sjøsprøyt 2". I tillegg deltek 60 personar frå Sivilforsvaret.

- Beredskapen på Mongstad blir no mobilisert med tanke på å hjelpe til med sløkking, seier informasjonsleiar Kåre Ness ved Statoil på Mongstad.

Tankbåten "Karen Knutsen" vart trekt frå land i tilfelle brannen skulle spreie seg. Skipet er tomt og låg til kai i Sløvåg for å få reparert ein propell.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser