Hopp til innhold

Brannen i Festingedalen er sløkt

Brannen på området til Sogn Interkommunale Miljøavfallsselskap (SIMAS) i Festingedalen på Kaupanger er sløkt.

Brann i Festingedalen.
Foto: Arne Eithun / NRK

Brannen vart meldt klokka 15.22 laurdag, og både både brannvesen og politi rykte ut til Festingedalen. Det som brannmannskapa først trudde var ein brann på søppelfyllinga, viste seg altså å vere brann i ei vegskråning inne på området til SIMAS.

Fare for skogen

Per Holen, dagleg leiar i SIMAS, opplyser at det ikkje var fare for folk eller bygningar. Det er heller ikkje bustadhus i nærleiken, men viss den spreia seg kunne brannen fort vorte ein fare for skogen.

- Kring 200 kvadratmeter gras og kvist i ei vegskråning er svidd av. Brannvesenet fekk sløkt brannen kring ein time etter at dei fekk melding, seier Holen, som førebels ikkje veit årsaka til at det tok fyr.

Brann også i mai

Dette er andre gongen det brenn på søppelfyllinga til SIMAS i år. I byrjinga av mai brann det på eit større område på søppelfyllinga. Sløkkingsarbeidet var vanskeleg og tok tid. Den gongen måtte brannvesenet ha hjelp av sivilforsvaret for å få fram vatn.