Hopp til innhold

Brannen blussa opp att i Lavikdalen

Etter er roleg natt utan tilløp til brann har brannen i Lavikdalen på ny blussa opp. Brannmannskap vil halde fram vakthaldet på søndag.

Mannskap frå Sivilforsvaret og lokalt brannvesen har halde vakt ved brannstaden i natt.

VAKT: Mannskap frå Sivilforsvaret og lokalt brannvesen har halde vakt ved brannstaden i natt.

Foto: Jørn Lund

Klokka 14.28 får NRK opplyst at det ikkje er opne flammar eller eld, men glør i bakken og vind i området.

– Det er vakter som går i puljar i området, og det vil dei halde fram med så lenge det er lyst eller behov, seier vaktleiar ved Alarmsentralen.

Vinden skapar utfordringar

– Brannen har bluss opp att, og vi har sendt opp mannskap frå Høyanger. Det er ikkje opne flammar, men det er som ein stor glohaug, og vinden får av og til tak, seier Terje Birkeland hjå Alarmsentralen.

Vaktene som passa på staden gjennom natta hadde kontroll, og planen var å sende heim mannskapet i 11-tida, men så tok brannen seg opp att. Eit helikopter stod søndag morgon i beredskap.

– Helikopteret har returnert. Det skjedde før brannen blussa opp att, seier Birkeland.

Like før klokka 15 laurdag kom det melding om brann i Lavikdalen, kring 7,5 kilometer frå Lavik sentrum. Eit område på åtte dekar stod då i brann, og kraftig vind gjorde det vanskeleg å sløkke brannen.

– Ei roleg natt

Situasjonen har dermed endra seg frå slik den var søndag morgon.

– Det har vore roleg, og brannmannskapet som også var på staden vart sende heim for kort tid sidan, seier Terje Birkeland ved Alarmsentralen til NRK i 8.30-tida.

Søndag føremiddag vart det meldt at tre personar skulle halde området under oppsikt fram mot klokka 11. Det har ikkje vore aktivitet på området sidan 01.30-tida natt til søndag.

– Dei vil ta ei vurdering når det lysnar om det er behov for helikopter. Det er tørt, og det gjer ikkje noko om området blir dynka med litt vatn, seier Birkeland.

Laurdag var det intens jobbing for å slå ned brannen som stadig blussa opp att fleire stader.

VANSKELEG: Laurdag var det intens jobbing for å slå ned brannen som stadig blussa opp att fleire stader.

Foto: Jørn Lund

OBS-varsel om skogbrann

Meteorologisk institutt sende laurdag kveld ut eit OBS-varsel om skogbrannfare i Sogn og Fjordane, Hordaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

– Lite nedbør og uttørrande austavind fører til lokalt stor gras- og lyngbrannfare inntil det kjem nedbør, skriv dei på sine nettsider.

Det er førebels ikkje kjent kva som var årsak til brannen som starta i Lavikdalen laurdag ettermiddag. Birkeland oppmodar folk om å vere varsame med eld ute i terrenget.

– Det er knusktørt i heile fylket. Folk må vere føre var og tenkje seg om.

Brannmannskap frå Høyanger og Hyllestad deltek i arbeidet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit