NRK Meny
Normal

Krevjande ettersløkking - brannen blussa opp fleire gonger i løpet av natta

Brannen i Njøsadalen i Leikanger blussa opp att fleire gonger i løpet av natta. Det har pågått ettersløkking i heile natt.

Brann Njøsadalen

SPREIDDE SEG: Flammane fekk raskt tak i det turre terrenget og spreidde seg fort.

Foto: NRK-tipsar

– Dei har hatt litt å gjere på, for brannen blussa opp att fleire stadar, og det var god temperatur i bakken, seier Espen Rysjedal ved Brannalarmsentralen i Florø.

Det var i 13-tida måndag at det vart meldt om brann i Njøsadalen i Leikanger kommune.

Først klokka 18.20 vart det meldt om at brannmannskapa hadde kontroll på flammane, som spreidde seg raskt i gras og lyng. Sidan har det pågått ettersløkking i området.

Kjenner ikkje brannårsaka

– Dei har hatt god kontroll med piskar og vatn, seier Rysjedal.

Likevel har det vore fleire tilfelle i løpet av natta der brannen har blussa opp.

– Det er såpass høg temperatur i bakken der det har brunne, at det skal lite til, sidan det er så turt som det er, seier Rysjedal.

Ein kjenner framleis ikkje til kva som førte til at det tok til å brenne.

– Det er det for tidleg å seie noko om, og det er uansett noko politiet lyt svare på, seier Rysjedal.

Det er heller ikkje klart kort stort område som har vorte skadd i brannen.

– Eg har ikkje fått noko eksakt tal på kor stort område som er råka av brannen, seier Rysjedal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Store styrkar kjempar for å få kontroll på skogbrannen ved Hermansverk i Leikanger.

KREVJANDE: Bratt og ulendt terreng gjorde sløkkjejobben krevjande for brannmannskapa.

Skal ha gjennomgang klokka ni

Men han understrekar at det er snakk om eit monaleg område.

– Det er eit stort område det er snakk om, men det er bratt terreng der inne, så det er eit krevjande område å få fram vatn i og mykje utlegging av slangar, seier Rysjedal.

Store styrkar med brannmannskap frå både Leikanger og Sogndal har jobba på staden. I tillegg har rundt 20 personar frå Sivilforsvaret bidrege i kampen mot flammane.

Kor lenge ettersløkkinga kjem til å vare, er vanskeleg å tidfeste.

– Klokka ni skal brannvesenet ha ein gjennomgang med brannsjefen i Sogn IKS, og då skal det gjerast ei ny vurdering. Men eg reknar med at dei vert verande på staden utover dagen, seier Rysjedal.


Første hybridferje er på plass på Anda-Lote