Hopp til innhold

Først gjekk det sakte oppover - no må bilen slakke av også på flatmark

Den 29 år gamle brannbilen går svært treigt i oppoverbakkar. No har brannvesenet funne ut at bremsene er så dårlege at dei må slakke farten både på flatmark og i nedoverbakkar.

Video Brannbil laga kø under utrykking

LAGA KØ: I april laga den yngste brannbilen kø under utrykking. Den eldste brannbilen går endå treigare, no er bremsene på den blitt så dårlege at den må senke farten også på flatmark.

Det var på veg tilbake frå ei utrykking at brannvesenet i Førde oppdaga at ting ikkje var som det skulle på brannbilen frå 1982.

På veg ned bratte nedstiginga frå Slåttebakkane i Førde var det nære på at bilen for rett fram i ein av hårnålssvingane.

– Føraren oppdaga at bremseeffekten ikkje var som den skulle. Men han greidde til alt hell å roe det ned å få bilen gjennom svingen, fortel brannsjef Berhard Øberg i Førde.

Han seier denne brannbilen er svært viktig for brannvesenet i Førde.

– Dersom politikarane ønskjer at Førde skal vekse, så må bilparken til brannvesenet oppdaterast, seier brannsjefen.

Dobbelt så lang bremselengde

Brannsjef Bernhard Øberg

IKKJE NØGD: Brannsjef Bernhard Øberg likar dårleg at brannbilen frå 1982 ikkje har fullgode bremser.

Foto: NRK

Etter den skumle opplevinga bestemte brannvesenet seg onsdag for å teste bilen på flatmark. Øberg seier dei frykta at bilen rett og slett mangla bremser.

Den andre bilen til brannvesenet i Førde er nokre år yngre. 1989-modellen og 1982-modellen var begge med på bremsetestinga som gjekk føre seg i det brannsjefen karakteriserer som relativt roleg tempo ved brannstasjonen.

Det dei fann ut var ikkje særleg oppløftande.

– Bremselengda på den eldste bilen vår var dobbel så lang som den andre. Så ja, det er på høg tid at vi får ny bil, seier Øberg.

Han presiserer at bilen og bremsene er godkjende, men at det altså ikkje er godt nok å ha eit utrykkingskøyrety i ei slik forfatning.

Brannbil lagde kø under utrykking

Det er langt ifrå første gong at brannvesenet etterlyser pengar til nye bilar. I april i år vart den yngste brannbilen forbikøyrd på utrykking. Brannbilen laga då kø på veg til ei trafikkulukke.

Brannbilen som no har fått problem med bremsene går endå treigare, fortel brannsjefen.

– Det er håplaust når ein lagar kø på utrykking. Det er ikkje kjekt. Målet er jo å komme fram så fort som mogleg. Det er ei ganske dårleg kjensle når det går så sakte i oppoverbakke. Fleire av brannbilane har for liten motor og er altfor gamle, sa beredskapsleiar i brannvesenet i Førde, Bjørn Berge til NRK.no den gong.

Også fleire andre stader i fylket har brannvesenet gamle bilar som skal rykkje ut ved brann og ulukker. I Aurland er ein av brannbilane frå 1973, og i Vågsøy havarerte brannbilen under utrykking i fjor.

(Artikkelen held fram under video)

Video Mange kommunar manglar stigebilar

STIGEBIL: Brannvesenet i Førde manglar stigebil og først i 2016 er det sett av pengar til dette.

Må be mannskapet køyre saktare

Brannbilen i Førde som er frå 1982 er ein viktig bil, seier Øberg. Den har plass til dobbelt så mykje vatn som den andre og pumpekapasiteten er god.

– Det er ein god bil når den først kjem frå, seier Øberg.

Men når bilen no både går tregt i oppoverbakkar og i tillegg ikkje har full bremsekapasitet, då blir det eit heft for brannvesenet å bruke den. Både på flatmark og i nedoverbakkar må mannskapet no halde igjen på farten.

– Det blir ei utfordring å bruke den. Mannskapet vårt vil fortast mogleg fram når det skjer ei ulukke eller ein brann. No må vi be dei halde roa og køyre saktare for at vi skal vere sikre på at vi klarar å bremse, seier Øberg.

Har prøvd å reparere

Brannbilen frå 1982 er opphavleg ein brannbil frå ein flyplass i Berlin. Øberg seier bilen er bygd for å bli brukt på flatmark.

- Vi har gjort dei reperasjonar som kan gjerast, men bremsene er likevel ikkje fullgode, seier Øberg.

Bilen skal også tidlegare ha hatt noko dårleg bremseeffekt i nedoverbakkar. Men det har ikkje vore så gale som det er no tidlegare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olve Grotle

INGEN LOVNAD: Olve Grotle (H) vert ordførar i Førde dei neste fire åra. Han kan ikkje love pengar til ein ny brannbil.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ingen betring i sikte

Etter 29 år i trufast teneste er det altså på høg tid at bilen vert bytta ut. Det ser ikkje ut til at det vil skje med det første.

– Den andre bilen vår, som er frå 1989 vil bli bytta ut i mars neste år, og det er budsjettert med ein stigebil frå 2016. Men utskifting av andrebilen vår har ikkje politikarane funne plass til på budsjettet, seier Øberg.

Førde er den største kommunen i Sogn og Fjordane med over 11 000 innbyggjarar. Brannsjefen seier situasjonen er langt frå ideell, men at brannvesenet må jobbe ut frå dei ressursane dei har.

– Men dersom politikarane vil jobbe for at det skal flytte stadig fleire hit, så må dei oppdatere bilparken til brannvesenet, seier Øberg.

Kan ikkje love pengar til ny bil

– På generelt grunnlag vil eg seie at det er viktig at ei utrykkingskøyrety er i ein slik teknisk stand at ein kan ha den farten som oppdraget krev, seier Høgre-ordførar i Førde, Olve Grotle.

Den nye ordføraren seier kommunen står framfor tøffe budsjettforhandlingar. Han er kjent med at brannvesenet ønskjer seg betre utstyr, men kan likevel ikkje love pengar.

– Det er mange behov, og eg veit at vi ikkje kan gje pengar til alt og gjere alle nøgde. På noverande tidspunkt kan eg ikkje seie at denne saka skal ha prioritet framfor noko anna, seier Grotle.