Brannbil laga kø under utrykking

Tida er den verste fienden når ulykka er ute. Men blålys og sirener hjelper lite når brannbilen lagar kø på utrykking.

Video Brannbil laga kø under utrykking

NETT-TV: Hovudbrannbilen til Førde brannvesen laga kø på veg til ei trafikkulykke. Brannfolk er frustrerte over gamal bilpark.

I Førde er folk i brannvesenet frustrerte over gamal og utrusta bilpark. På veg til ei trafikkulykke onsdag i førre veke laga hovudbrannbilen kø under utrykking.

NRK var med politiet på påskekontroll, då naudmeldinga kom inn - og TV-teamet sat i baksetet i politibilen på veg til ulykka. I ein motbakke mellom Førde og Kvammen i Askvoll køyrde fem-seks bilar i kø bak den 25 år gamle brannbilen.

Det heile enda med at politiet måtte køyre forbi heile køen - inkludert brannbilen som var under utrykking.

Brannbilen nekta å starte

Bjørn Berge

FRUSTRERT: Bjørn Berge.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er ganske frustrerande at det går så tregt, når vi veit at det er nokon som ventar på oss. Bilane våre har begynt å bli veldig gamle, seier beredskapsleiar Bjørn Berge i Førde brannvesen.

Førde, den største byen i Sogn og Fjordane, har fleire brannbilar som er godt over 20 år gamle. I fjor nekta hovubrannbilen å starte fleire gonger. Men Førde brannvesen er langt ifrå åleine.

Fleire andre stader i fylket har brannvesenet gamle bilar som skal berge innbyggjarane ved brann og ulykker. I Aurland er ein av brannbilane frå 1973, og i Vågsøy havarerte brannbilen under utrykking i fjor.

– Håplaust at vi lagar kø

Det var to bilar som kolliderte i fronten på kvarandre i ulykka på riksveg 609 mellom Førde og Kvammen. Politiet sin patruljebil køyrde forbi køa og brannbilen. Det gjekk rett og slett for seint.

– Det er håplaust når ein lagar kø på utrykking. Det er ikkje kjekt. Målet er jo å komme fram så fort som mogleg. Det er ei ganske dårleg kjensle når det går så sakte i oppoverbakke. Fleire av brannbilane har for liten motor og er altfor gamle, seier Berge til NRK.no.

Treng fleire nye bilar

Brannmeister Leif Otto Olsen er også frustrert over den gamle bilparken når det hastar.

– Hovudbrannbilen vår er klar for utskifting. Den har gjort sitt. Vi ønskjer jo å komme fram med bilane våre, og det er ikkje greitt med gamle brannbilar med liten motor når Førde ligg nede i eit hol og har mange bakkar rundt seg, seier Olsen.

Førde kommune har vedteke at brannvesenet skal få pengar til ny brannbil. Den vil ikkje vere på plass før i 2012. Ein ny brannbil vil koste rundt 3,5 millionar kroner.

– Ein ny brannbil er veldig etterlengta. Vi burde kanskje ha fått skifta ut fleire bilar, men det viktigaste er å få byta ut hovudbilen, seier Berge.

NETT-TV: NRK var med politiet på påskekontroll då alarmen gjekk

Video Utrykkingspolitiet er på vegane i påska

NETT-TV: Utrykkingspolitiet var på vegane i påska. Frå NRK Vestlandsrevyen 20. april 2011.