Hopp til innhold

Brannbil fekk havari på utrykking

Brannbilen i Vågsøy måtte gje tapt etter ei utrykking til ei bilulukke ved Bryggja i Vågsøy i føremiddag. På veg heim var det full stopp.

Kollisjon på riksveg 15 ved Bryggja

Ingen kom til skade då to personbilar og ein lastebil var involvert i eit trafikkuhell på riksveg 15.

Foto: Bjarne Eldevik

Til alt hell kom ingen personar til skade då ein lastebil og to personbil kolliderte på riksveg 15.

Stogga på veg heim

Brannvesenet vart sendt til staden for å rydde oljesøl, men dette vart tydelegvis for mykje for den tilårskomne brannbilen.

For på veg heim ville den ikkje meir.

Brannsjef i Vågsøy, Helge Hjelle meiner likevel at brannberedskapen i kommunen er intakt sidan brannvesenet har ein eldre brannbil i beredskap.

Politiet veit førebels ikkje årsak til ulukka.