– Vi har fått melding om brannalarm og røyklukt i eit bustadkompleks i Askvoll og rykker ut, opplyste vaktleiar Dan Inge Gjesdal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK i 19-tida.
Alarmen gjaldt det nye bustadkomplekset «Kvartetten» som nett er ferdig bygd i Storehaugen nedre i Askvoll.
Då brannmannskapa kom fram, var det ingen heime i den aktuelle leilegheita, som ligg i første etasje. Brannmannskapa tok difor ut eit vindauga for å kome seg inn i husværet.
Bygget vart evakuert under hendinga.
Siste melding frå politiet før klokka 20.00 er at ingen brann er funne, og at aksjonen er avblåst frå deira side.
Brannmannskapa set no inn att vindauga dei tok ut, og rullar saman slangane sine.
Det er likevel røyklukt i området.
– Vi er usikre, men det er mogleg røyklukta stammar frå ei pipe i nabolaget, sa Audun Strømmen i Askvoll brannvern til fotograf på staden.
Det er likevel på det reine at brannalarmen vart utløyst.