NRK Meny
Normal

Brann ute etter Grorud?

Bergensavisen meiner dei veit Brann er interessert i Sogndal-stopparen.

Lars Grorud
Foto: Arve Uglum / NRK

Bergensavisen skriv i dag at dei veit at Harald Aabrekk, som fungerer som speidar for Brann har følgt midtstopparen frå Tønsberg ekstra nøye i dei mange Sogndal-kampane han har sett i år.

- Dette hadde eg ikkje høyrt noko om før BA ringte meg. Det høyrest litt tynt ut og eg kan ikkje forholda meg til slike rykter, seier Grorud.

Sett mange kampar

Aabrekk har vore på flesteparten av Sogndal sine kampar i år og det er kjent at Brann er ute etter nye forsvarar til neste sesong. Grorud har hatt ein svært god sesong for Sogndal så langt og vore blant laget sine beste saman med Rune Bolseth, Piotr Leiciejewski og Henrik Furebotn.

Kontrakt ut neste år

Han kom til Sogndal gratis frå Tønsberg i 2008, og har kontrakt med klubben eitt år til.

- Vi har ikkje snakka om forlenging av den enno, men har avtale om at vi skal ta ein prat etter sesongen, seier Grorud.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser