NRK Meny

Brann utanfor bustadhus

Ingen personar skal ha kome til skade då det byrja brenne på utsida av eit bustadhus i Flora. Alle naudetatane rykte ut etter melding om røykutvikling. Ifølgje vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er brannen no sløkt. For å vere på den sikre sida har dei opna opp litt i ein vegg, for å sikre at det ikkje er varme i sjølve huset. Innsatsleiar Synnøve Domben i politiet seier dei fem personane som var i huset vart sett til av helsepersonell på staden.

Brannvesenet på utrykning i Florø
Foto: Fredrik Johan Helland / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.