Hopp til innhold

Brann-tiltalte bur på glattcelle for å sleppe å køyre til Vik

Dei sikta etter hotellbrannen i Selje slepp likevel seks timar dagleg fangetransport mellom Førde og Vik under den tre veker lange rettssaka. I staden skal dei bu på glattceller ved lensmannskontoret i Førde.

Glattcelle i Førde

GLATTCELLE: Dette vert bustaden til dei tiltalte når rettssaka startar på måndag. Politiet lovar at det vil verte sett inn senger. Dei tiltalte får og tilgang til PC når celledørene vert låste.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Rettssaka mot dei tre sikta brørne startar i Sogn og Fjordane tingrett måndag.

Tormod Hvattum

LENSMANN: Tormod Hvattum er regionlensmann i Nordfjord.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Etter planen skulle mennene fraktast tur/retur Vik–Førde dagleg . No skjer ikkje det.

– Vi har sett det at dei skal opphalde seg i Førde opp mot køyring til og frå Vik. Saman med forsvararane er vi samde om at det blir ei veldig belastning med mange timar i bil, samt at vi også utnyttar politiet sine ressursar betre med at dei kan opphalde seg i Førde, seier regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord.

(artikkelen held fram under biletet)

Selje hotel

I RETTEN: Dei tre brørne sikta etter brannen på Selje hotell får opphalde seg i Førde så lenge rettssaka pågår.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Strekt oss langt

Dei tiltalte har gått med å sitje på glattcelle ved Førde lensmannskontor, berre eit steinkast frå rettslokala i tingretten.

Her får dei tiltalte felles opphaldsrom og celle med innkjøpte senger. Tiltalte vil også få tilgang til PC når celledørene blir låste.

Per Kjetil Stautland

FORSVARAR: Per Kjetil Stautland er forsvarar for ein av dei tre sikta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dei tiltalte er ikkje pliktige til å akseptere å sitje på glattcelle, men både dei og politiet har strekt seg langt for å finne ei løysing, seier forsvarar for den eine tiltalte, Per Kjetil Stautland.

Tek opp kapasiteten

Den tre veker lange rettssaka vil ha rettsdagar måndag til torsdag.

– Så blir dei transporterte til Vik torsdag ettermiddag og tilbake til Førde måndag morgon, seier Hvattum. Det er uvisst kor mykje ressursar politiet sparar på dette.

– Men det blir også mindre belastning for polititilsette, seier han.

– Dette vil fylle kapasiteten ved Førde lensmannskontor. Kva om det blir bruk for celle i løpet av desse tre vekene?

– Då går dei til Florø.