- Den sikta har forklart til politiet at han ikkje har noko å gjere med brannen. Han oppheldt seg heime og gjekk tidleg til sengs, og vart først vekt av politiet fredag, forklarar advokaten hans, Walter Høivik.
Redd
Høivik seier til NRK Sogn og Fjordane at klienten hans er sterkt prega av det som har skjedd.
- For han er det jo ei veldig tragisk oppleving. Han er pårørande til to nære som er døde, samstundes er han sikta for å ha teke livet deira. Det er ein ekstrem situasjon, som han er prega av. Han er både redd og i sorg.
Vedgår trugsmål
41-åringen vart fredag ettermiddag sikta for å ha tent på huset der den tidlegare kona og dei to borna hans budde. Eks-kona og den ni år gamle sonen deira omkom i brannen. På grunn av at han tidlegare skal ha kome med trugsmål mot eks-kona, fekk han torsdag forbod mot å besøke huset der familien budde. Ifølgje advokaten godtok den sikta dette forbodet.
- Mannen vedgjekk i det første avhøyret for to dagar sidan at han har kome med utsegner som kan oppfattast som trugande. Det angrar han på, og han ser no at det har ført han opp i store problem, seier advokat Walter Høivik.
Advokaten vil ikkje kommentere påstandane om drapstrugsmål, men stadfestar at det skal vere snakk om verbale trugsmål og utsegner sendt på SMS.
- Lite bevis
Den sikta mannen skal i nye avhøyr laurdag. Men Høivik seier at bevismaterialet dei har fått innsyn i ikkje er særleg omfattande.
- Bevismaterialet byggjer på ei kopling mellom at han skal ha truga kona si på eit tidlegare tidspunkt og denne brannen som har oppstått i ettertid.
Etterlyser vitne
Politiet i Florø ønskjer kontakt med folk som har opphalde seg i sentrumsområdet mellom klokka 23 torsdag kveld og seks fredag morgon. Stasjonssjef Nils Erik Eggen seier det er viktig for etterforskinga at politiet får snakke med folk som har gjort observasjonar.
Undersøkjer branntomta
Politiet skal laurdag halde fram med undersøkingar på branntomta. Tekniske etterforskarar frå Kripos skal og i gang med sine undersøkingar.