Hopp til innhold

Brann på verket i Høyanger

Ingen personar kom til skade i ein brann inne på metallverket i Høyanger søndag morgon.

Brannen vart meldt klokka 04.55 og brannvesenet rykte ut med store mannskap. Også ekstramannskap vart utkalla.

- Ein kort periode såg det ut som om det kunne vere vanskeleg å få kontroll over brannen, fortel operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrkt, Stig Inge Hauge.

Brannvesenet fekk kontroll over brannen etter ein halvtimes tid, men då var bygningen påført store brann- og røykskader.

Bygningen har namnet C13 og vert brukt til pauserom. Bygningen ligg i tilknyting til den gamle C-hallen, som no er stengd.

Politiet kjenner førebels ikkje brannårsaka.