Hopp til innhold

Transformatoren til el-båtane i Flåm råka av brann

Brannmannskap har no kontroll over brannen på turistkaia i Flåm.

Brann på kaien i Flåm

BRANN: Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen.

Foto: Arne Veum / NRK

Alarmsentralen i Florø fekk melding om brannen klokka 08.50.

– Brannen er no sløkt, og brannmannskap driv no med kjøling, – seier vaktleiar Oddbjørn Aune.

Ni personar frå brannvesenet i Aurland rykte ut då meldinga om brann kom.

– Det er ein konteinar med transformatorar som blir brukt til lading av batteripakken til turistbåtane til The Fjords i Flåm, som hadde tatt fyr seier Aune.

Får konsekvensar for turisttrafikken

Transformatorbrannen får konsekvensar for The Fjords. Reiarlaget sette i sommar inn den heilelektriske båten «Future of the Fjords» i turisttrafikk på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

– Brannen betyr at vi no ikkje får lada i Flåm, seier dagleg leiar Rolf Andre Sandvik.

Reiarlaget har også hybridbåten «Vision of The Fjords». Dei ser no på eit alternativt ruteopplegg slik at konsekvensane skal bli minst mogleg for turistane som kjem til Flåm i dag.

– Vi hadde utstyr på veg til Gudvangen for å løyse ladeproblema der. No vil vi sjå om vi kan bruke nokre av desse delane i Flåm, seier Sandvik

Brann på kaia i Flåm

TRANSFORMATOR TOK FYR: Full utrykking til kaien i Flåm

Foto: Arne Veum / NRK

Ukjent brannårsak

Kva som kan vere årsak til at transformatoren til ladestasjonen tok fyr fredag morgon er førebels ikkje kjent.

– Vi har hatt våre folk og brannvesen på staden, og no er også folk frå leverandørane på veg for å prøve å finne årsaka, seier Sandvik.

Han seier når først gale skulle skje så var det minst innovative delen som brann.

– Det er leidningane som går inn til ladestasjonen som truleg har blitt overoppheta. Men dette blir berre spekulasjonar, vi må vente vi kan gå inn i rommet og undersøke skikkeleg, seier Sandvik.