Hopp til innhold

Brann i natt - panne med stearin tørrkokte

Litt før klokka tre i natt tok det til å brenne i Holvik skule i Vågsøy. Det førde til skadar på SFO, men resten av skulen er uskadd og open for elevar og lærarar i dag.

Holvik skule i Vågsøy

BRANN I NATT: Holvik skule står framleis, men det er skade på SFO etter brannen i natt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det var klokka 02.43 politiet fekk melding om at det var røyklukt ved skulen, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dette vart sjekka ut av folk frå brannvesenet i Vågsøy. Klokka 02.55 kunne dei konstatere at det var brann i kjøkkenet på skulefritidsordninga (SFO).

Dei fekk sløkt brannen, men det vart ein del skadar på kjøkkenet, og SFO ved Holvik skule blir difor stengd i dag. Resten av skule blir open som vanleg.

Brannvesenet kunne slå fast at årsaka til brannen var at ei panne med stearin hadde tørrkokt.

Saka blir vidare etterforska av Vågsøy lensmannskontor.