Hopp til innhold

Brann på Aker-verftet

Politi og brannvesen rykte ut til ein brann i ein tank på Aker-verftet i Florø like før klokka halv elleve laurdag føremiddag.

Ein halvtime seinare vart brannen meldt sløkt, og ingen personar skal ha vorte skada.

Det er førebels uvisst kva som er årsaka til at det starta å brenne, men det skal ha vore brennbare væsker i nærleiken av der brannen starta.