Hopp til innhold

Brann lukkar treninga for media

Brann vil ikkje avsløre taktikken før kampen mot Sogndal i eliteserien fredag.

Brann fotball

LUKKA TRENING: Branntrenaren vil ikkje at nokon skal sjå når laget skal teste ulike formasjonar

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Difor går treninga i dag for lukka dører, skriv Bergens Tidende.

Trenar Rune Skarsfjord vil ikkje la media vere til stades når laget skal teste forskjellige formasjonar og flytte spelarane rundt i posisjonar.

Sogndal-trenar Harald Aabrekk blir reknar som ein stor taktikar, og difor ønskjer Brann å gi minst mogleg gratis informasjon til sin tidlegare kollega.

Brann slit med skader og har berre tolv tilgjengelege utespelarar før kampen som altså går neste fredag på Brann Stadion.

– Eg ser på alle moglegheiter rundt laget, seier Skarsfjord til avisa.

Bakke frisk igjen

Eirik Bakke

SPELEKLAR: Eirik Bakke er klar til Brann-kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndalfansen kan gle seg over at kaptein Eirik Bakke er speleklar igjen. Etter dagens trening har medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen erklært den tidlegare Brann-spelaren for frisk.

Bakke har slite med skader dei siste vekene.

– No er det opp til trenar Harald Aabrekk å bestemme og han får spele, seier Jacobsen til bt.no.